I går låg vitnemålet i postkassa, så no er eg endeleg
”frøken Fanny” også på papiret. Eg var ferdig utdanna allmennlærar i år, men er svolten på
meir kunnskap..
Eg er kjempeinteressert i språk, eg les korrektur på alt eg
kjem over (I can’t control myself!), eg vil gå i spagaten av god litteratur og
vil leggje meg i fosterstilling over grove særskrivingsfeil.
Eg er usikker på kva selve masteroppgåva skal handle om, fordi
det er mykje eg synest er interessant, men eg skal komme med ei oppdatering så
fort eg veit noko meir.
Frøken F.
Godt å høyre at vi har framtidige lærarar som er begeistra for litteratur og mislikar dårleg språk (som for øvrig er langt meir enn særskrivingsfeil, men det veit jo jo). Frøken Fanny svingar det av.
SvarSlett