søndag 25. august 2013

Litt om frøkna



I går låg vitnemålet i postkassa, så no er eg endeleg ”frøken Fanny” også på papiret. Eg var ferdig utdanna allmennlærar i år, men er svolten på meir kunnskap..

Eg er kjempeinteressert i språk, eg les korrektur på alt eg kjem over (I can’t control myself!), eg vil gå i spagaten av god litteratur og vil leggje meg i fosterstilling over grove særskrivingsfeil.

Eg er usikker på kva selve masteroppgåva skal handle om, fordi det er mykje eg synest er interessant, men eg skal komme med ei oppdatering så fort eg veit noko meir.

Frøken F. 

1 kommentar:

  1. Godt å høyre at vi har framtidige lærarar som er begeistra for litteratur og mislikar dårleg språk (som for øvrig er langt meir enn særskrivingsfeil, men det veit jo jo). Frøken Fanny svingar det av.

    SvarSlett