søndag 3. november 2013

Intervjuet- betre seint enn aldri.



Grunna telefontrøbbel og sjukdom vart intervjuet utsatt både titt og lenge. Heldigvis kan eg og min eminente makkar Trine støtta oss på utsagnet "betre seint enn aldri". 

Då me leste eleven sin logg, fekk me sjølvsagt eit fyrsteinntrykk. T.d. gjetta me det var ei jenta, sidan baksida av loggen var klussa med hjerter og ein viss Justin Bieber. Ellers var me imponert over det grundige oppsettet - med nøyaktige klokkeslett og kort, men utfyllande info om aktivitetar, personar, mat og mobilbruk. Me såg for oss at loggen avspegla eleven: Ryddig og grundig, og veldig opptatt av bestevenninna og mobilen, spesielt antal snapchat og kik. Eg og Trine fann ut me ville stilla spørsmål knytt til 3 ulike kategoriar: Personleg, fritids- og familieaktivitetar, samt eleven sitt sosiale (media) liv. Her er det me fann ut:

Personleg: Ja, me gjetta riktig. Det var ei jente me fekk som intervjuobjekt. Ho er 13 år ung, og vil karakterisera seg sjølv som snill, morosam, smilande, hjelpsam og klønete. Skulen tar ho alvorleg, men også med stor ro. Draumen er å bli veterinær, men ho fryktar ho ikkje er god nok i matematikk til å klara opptakskrava. Dei daglege rutinene i loggen er også innarbeidde rutinar i kvardagen, t.d. å alltid prate med bestevenninna på mobilen og slå fylgje til skulen. Denne bestevenninna får mykje skryt, og blir karakterisert som beskyttande og ærlig.  

På fritida er eleven aktiv, både med vener og familie. Ho er yngst av 3 sysken, den eldte er flytta ut. Riding er ein familieaktivitet- og interesse. Familien har tilgang til ein stall i nærleiken av heimen, og nyttar seg ofte av dette tilbodet. Dei går og turar saman, helst i fjellet. Ellers nevnte ho dei gjer vanlege ting saman, som shopping. I loggen var det mest urovekkande at eleven dokumenterte "spiser en pølse foran tv og drikker te". Me undra på om dette var den daglegdagse middagssituasjonen, men det avkrefta ho sterkt. Akkurat denne dagen hadde begge foreldra vore opptatt, ellers har dei felles middag. Utanom er eleven med i Rogaland borne- og ungdomsteater. Det er ingen andre frå klassen eller skulen hennar som er representert, så dette vert ein anna møteplass, med andre vener. Det er vel slik med oss alle; vi tar ulike rollar. Vi er annleis på skulen enn heime, annleis med nokre vener enn andre. Ho nevner og at ho driv med idrett. Som avslapping plar ho sjå tv, men ho les og hestebladet Julia og bøker, helst krim eller spenning. Desse likar ho i papirutgåve, til trass for at ho diggar bruk av nettbrett i skulesamanheng, spesielt med tanke på skriving. Ho uttrykte at det var enkelt og ikkje like belastande som håndskriving. Yndlingsfaga hennar er K&H, naturfag og samfunnsfag. Til no vil me konkludera med at dette er ei allsidig jenta med sunne interesser.

Så kjem me til mobilbruken, noko eleven dokumenterte grundig i loggen. Å sjekka kor mange snaps ho hadde mottatt (heile 16 stk!) var faktisk det fyrste ho gjorde då ho våkna. Ho seier sjølv det ikkje er så viktig for ho, men at det gjev ei positiv kjensle å motta snaps eller positive kommentarar på snaps ho sender. I tillegg er det slik at det vert lett å sjekka mobilen når ho keiar seg. Både ho sjølv og foreldra karakteriserar henne som "mobilavhengig", men i heimen er det reglar: Forbudt med mobil under middagen (på kjøkkenet) og når ho gjer lekser. Me to som intervjua måtte krypa til korset og be om forklaring på kva "KIK" er: Ei gratis chatteside, der ein lagar seg navn og har profilbilete. Ein kan legga til og chatte med kjende eller bli kjend med andre. Her vart det naturleg å koma innpå spørsmål om nettvett. Eleven understreka her at ho ikkje legg til ukjende, og at dersom nokre blir pågåande, så blokkerer ho dei. Etter vår meining er ho ein racer på oppdatering: ho sjekkar alltid etter nye appar, men lastar berre ned dei som er gratis og som interesserar ho. Den personlege smaken er viktigare enn "å ha det nyaste og dyraste". 

Så... oppsummerande tankar: Ei veldig vaksen og moden jenta. Virkar trygg på seg sjølv. Tolkar det som ho har ein trygg familiesituasjon, samstundes som ho har eit "sjølvstendig" liv utanom, fylt med vener og aktivitetar. Ho er aktiv og balanserar fleire rollar, t.d. dotter, ven, elev, idrettsutøvar og skodespelar. Ellers skjer det mykje på mobilen. Det er ikkje nok med alle aktivitetar og møter face-to-face: i tillegg vert det ringing, chatting og ein heil del snapchat i løpet av dagen. Eit intervju over telefon gjev gjerne ikkje det beste og mest nøyaktige inntrykket, men i dagens samfunn er det kanskje vanlegare å kommunisera på andre måtar enn å møtast over ein kopp kaffi?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar